Oppdraget klart

Arbeiderpartiet gjorde eit svært godt lokalvalg i Telemark, og sit med det politiske hovudansvaret i fylkeskommunen og dei aller fleste kommunane i fylket.

original_1478641127_2268243

I alle kommunar er vi så store, at vi kan øve stor politisk innverknad gjennom konstruktivt arbeid. Dette legg på oss eit stort ansvar. I denne overordna samanhengen er det ikkje urimeleg å taka også røystene til dei som røysta på eit sentrumsparti, delvis til inntekt for nedanståande observasjonar.

Ein heilt dominerande del av folket i Telemark røysta FOR sterke kommunar og fylkeskommunar som løyser felles oppgåver i fellesskap. Velferden skal ikkje kommersialiserast, seier veljarane. Heller ikkje konsentrerast til færre stader.

Dei har og stemt for eit desentralisert samfunn. Argumentasjonen om at dei mindre kommunane må bli større – geografisk – er i praksis dundrande avvist.

Det store fleirtal veljarar i Telemark har røysta for eit sterkt skole- og utdanningstilbod for alle, - spreidd over fylket. Dei har røysta for at vegar, jernbane og annan infrastruktur skal byggast og ,vedlikehaldast i tråd med politiske og næringspolitiske mål – ikkje etter kost/nytte-prinsippet som i praksis medfører investeringar nesten berre i svært tettbygde konsentrasjonar.

Dei har røysta for at det vert ført ein aktiv utjamnings- og fordelingspolitikk.

Veljarane sin tale i slike grunnleggande spørsmål har vore krystallklar ved dette valet. Vi som har det privilegiet å sitje i kommunestyre og fylkesting på vegner av folket, må no levere.

Jørund Ruud,

Fylkespolitikar, Arbeiderpartiet