Nye langsiktige mål for Telemark

I løpet av få år har Telemark fått gjennomslag for avgjerande saker for framtidsutviklinga vår. Det har kosta til dels fleire tiår med politisk innsats, men no er arbeidet i gang med svært store og viktige prosjekt.

original_1478638511_8843985

Av Jørund Ruud (A)

Leiar av hovudutval for næringsutvikling


I løpet av få år har Telemark fått gjennomslag for avgjerande saker for framtidsutviklinga vår. Det har kosta til dels fleire tiår med politisk innsats, men no er arbeidet i gang med svært store og viktige prosjekt. Eg nemner i fleng: Eidangerparsellen (planlagt ferdig i 2018). Århus-Gvammen (planlagt ferdig i 2019). Byppakke Grenland som systematisk vil betre kommunikasjonane i og gjennom området i fleire tiår. E18 som blir full firefelt også forbi Larvik om berre par-tre år, og som deretter rullar vidare ut gjennom Bamble og dessutan over Langangen og Eidanger. Høgskolen i Telemark som er blitt ein fusjonert høgskole med Buskerud/Vestfold og på veg mot universitet. Jernbanen vidare frå Grenland i retning Brokelandsheia (ferdig i 2030?). Viktige opprustingsprosjekt på E36. E134 som hovudferdselsåre mellom Aust- og Vestland. Og mykje anna.

Når ein tenker over kor mykje politisk arbeid det har kosta gjennom svært lang tid for å få alt dette til, skjønar ein fort at tida ikkje er inne for å kvile på laurbær og kose seg med sigrar som er vunne. Telemark må definere nye, langsiktige mål, samle seg om dei og arbeide saman for dei. Vi har peika ut vidare arbeid med store kommunikasjonsmål også frametter. Grenlandsbanen er nemnd. Etter at E134 forbi Kongsberg er ferdig, står opprusting over Meheia og heilt fram til Gvammen for tur.

E134 mot vest

Det er stor oppslutnad om at E134 skal vere hovudfartsåra mellom aust og vest. Arbeidet for utvida tunnelar og arbeidet for å unngå dei veldige kleivene forbi Røldal er i god gjenge. Men er det mogleg å tenke seg ein ambisjon om så vintertrygg ein veg at han «aldri» treng å stenge enten det fyk eller blæs? At kolonnekøyring og uvers-stengt vert eit fortidig minne?

Havn

Vi har fleire gode havner i Telemark, stikkord Brevik, Voll og etter kvart Frier Vest. Men når vi får moderne veg- og baneløysingar frå Drammen via Telemark og langt ned mot Kristiansand er kanskje tida mogen for ei felles storhamn for det søraustlege Noreg med nærleik til Europa og kapasitet for dei aller største gods-skipa?

Næringsutvikling

Med omstillingane som er gjennomførde i industrien i Grenland; Yara, Norner, Norcem, Ineos osb stikkordmessig nemnt, har vi ein pr i dag svært konkurransedyktig industri i Telemark. Teknologisatsinga på Notodden er prega av optimisme og framtidstru. I Fyresdal er Telemarksrøye og Kildevann døme på korleis ein kan nytte ut det reine og kvalitetsmessig framifrå vatnet vårt til å skape verdiar og arbeid.

Det grøne gullet – skogen – har potensiale atskillig ut over masseeksport til dårleg pris som er det bokstaveleg talt berande alternativet for skogbruket i Telemark pr i dag.

Gjennom innlemming på verdsarv-lista har industriaksen Notodden – Rjukan med transport og andre anlegg fått ein mulighet som ein nok må attende til 1905 for å finne parallellar til. Og som kanskje har eit endå lengre perspektiv enn dei 110 år baketter som vi har å samanlikne med. Kultur, opplevingar og aktivt reiseliv synest ha eit utømande potensiale. Og ikkje usannsynleg vil klimautfordringane i endå større grad setje den fornybare produksjonen av energi gjennom vasskraft endå høgare på dagsordenen. Dermed vil dei hyper moderne kraftstasjonane som er ein del av kvardagen i Telemark bli endå meir interessante – også som studieobjekt og reisemål.

Kunnskap

Utviklinga frå tre høgskolar i tre fylke, til ein samanslegen med universitetsambisjonar har skote fart. Rollen som institusjon for profesjonsutdanning – stikkord lærar, sjukepleiar er definert. Samhandlinga innan teknologitriangelet Kongsberg – Porsgrunn – Horten er vel etablert og har framtida for seg. I vårt fylke peikar aksen frå Kongsberg via Notodden til Bø og Nome seg ut, det same kan seiast om «greina» mot Seljord.

Forsking og utvikling innan mange spesialiteter har gått føre seg i mange år, og bør vidareutviklast.

Vi er gode på vidaregåande opplæring i Telemark. Utdanninga av fagarbeidarar har aukande merksemd. Vegen vidare inn i retning høgare yrkesfagleg utdanning er staka ut, og kan opne nye sjansar for kunnskapstørste yrkestakarar og bedrifter med ambisjonar.

Eit summarisk oversyn

Ovanståande gjev slett ikkje noko komplett bilete av Telemark, korkje av no-situasjonen eller mulighetene frametter. Dette er berre ein freistnad på å dra opp nokre liner som det – kanskje – går an å tenke langs. Men fyrst og fremst er målet å stimulere til ein debatt om kva mål vi kan og bør samle oss om for Telemark dei komande tiåra. Her i framtidsfylket Telemark.