Keisarens nye klede?

Forrige helg hadde Høgre sitt landsmøte. Eller konferanse. «Mulighetskonferansen». Det høyrast forlokkande og fint ut! Men har Høgre og er Høgre eit parti som ideologisk er grunnleggande opptatt av muligheiter for alle? Nei.

original_1478638499_3878114

Høgre som konservativt parti har aldri stått i bresjen for alle. Historisk har Høgre vore i mot svært mange av dei viktigaste velferdsreformane og tradisjonelt i mot dei fleste tiltak for likestilling mellom kvinner og menn. Høgre har greidd bare dei siste åra og foreslått politiske tiltak som avgrensar muligheitene for alle, gjennom blant ana å innføre bedrifters rett til tilsette midlertidig, gje store skatteletter til dei som har mest frå før og dei ville ei stund la fastlegane nekte kvinner henvisning til abort. Det siste gjekk heldigvis ikkje. Siste skrik på verdi-fronten var Høgre sitt svar til KrFs forslag om å innføre «betekningstid» for kvinner som ville ha abort. Det måtte Erna Solberg tenke litt på. Ho avviste det ikkje.

Det har vore gjort enkelte forsøk dei siste åra frå Høgre på å framstå som sosialdemokratar. Torbjørn Røe Isaksen forsøkte for ei tid tilbake å opprette web-sida «arbeidspartiet.no». Men uansett kor hardt dei forsøker å late som dei er oss, er det dei harde fakta- resultata av politisk arbeid som avgjer. Høgre er ikkje eit parti for vanlege arbeidsfolk. Og etter dei tok med seg FrP i regjering har dei ikkje kome nærare.

Resultatet av 2,5 år i regjering er ikkje at Høgre har mjukna opp og blitt raude i kantane. Dei er framleis like blå som før, berre at no velsignar dei oftare og oftare FrP sitt tankegods og politikk. Men retorikken særleg frå Høgre er raudare. Det hjelper ikkje nokon. Det hjelper ikkje om Høgres stortingsrepresentant Henrik Asheim plutseleg er for fedrekvoten fordi broren har blitt far (!) eller at Røe Isaksen kanskje seier at ein ikkje skal gå til val på dei heilt store skattelettene lenger. Høgre er eit konservativt parti som politisk alltid har stått på sida til dei som har mest frå før. Kapitalkreftene, marknaden. Dei som greier seg sjølv. Det hjelper ikkje kva enkelte representantar frå Høgre seier, når den politisk realiteten er like blå som alltid med muligheiter for nokon og ikkje for alle.

For å reelt å syte for muligheiter for alle trengs Arbeiderpartiets politikk. For reelt å gje muligheter til alle må ein føre ein aktiv likestillingspolitikk, ein streng, rettferdig og human asylpolitikk, ein sosial velferdspolitikk, ein rettferdig fordelingspolitikk og spesielt i desse dagar; ein aktiv politikk mot den stigande arbeidsløysa. Her er Høgre og regjeringas innsats tidvis fråverande, slett eller for dårleg.

Arbeidsløysa har ikkje vore høgare no enn på 20 år. Regjeringa seier dei brukar 4 mrd. på tiltak, som ingen heilt klarer å forklare kva er. Regjeringa brukar 20 mrd. på skattelette, 50 millionar kroner dagen, til dei som har mest frå før. Det er vekstfremjande, seier dei. Men ingen greier dokumentere dette.

«Muligheiter for alle» er ganske likt Arbeiderpartiets slagord «Like muligheiter for alle». Eit slagord Arbeiderpartiet har og har hatt i tiår på tiår. Ein ting er at Høgre gjer eit forsøk i å tildekke den usosiale politikken sin med ord folk assosierer med Arbeiderpartiet sin politikk, men utelatelsen av «like» er også eit klart døme på at mindre forskjellar og like muligheiter ikkje er viktig for Høgre. Så lenge ein har muligheiter, små eller store, skeivfordelt utgangspunkt eller ikkje- så er dei fornøgde.

Arbeiderpartiet ynskjer og har ein politikk for like muligheiter for alle. Me vil framleis føre ein aktiv politikk for likestilling mellom kjønn, og seie nei til forslag som hemmer dette.. Me vil framleis jobbe for ein rettferdig skattepolitikk, og ein arbeidslivspolitikk som inkluderer og ikkje ekskluderer. Derfor sa me nei til reservasjonsretten, og ja til kvinners rett til å bestemme over eigen kropp. Derfor fremjar Arbeiderpartiet om lag 50 tiltak denne veka for betre likestilling, med blant ana støtte frå KrF og resten av opposisjonen. Derfor sa me nei til midlertidige tilsettingar og ja til faste stillingar i arbeidslivet. Derfor har me lenge kjempa i lag med fagbevegelsen for eit betre permitteringsregelverk og mot manglande tiltakspolitikk mot den stigande arbeidsløysa. På nokre områder kjem regjeringa konservativt diltande etter, på andre områder er dei for blå til å rikke i sosial retning.

Høgres politikk gjev ikkje muligheiter for alle. I alle fall ikkje like muligheiter for alle. I beste fall gjev Høgres ideologiske politikk muligheiter for enkelte, mens mange blir verande på utsida. Keisaren lata også som som han hadde på seg klede, men alle såg at han faktisk var heilt naken.