Hilde Alice Vågslids innlegg til landsmøtet

Vårt parti for bygd og by

Kjære landsmøte

Det er eit privilegium å vere Arbeiderpartiets ordførarkandidat. Eg er så heldig å vere det i Tokke i Vest-Telemark. Ein kommune som produserar straum til heile landet og har gjeve felleskapet naturområder for kraftutbygging. Dette har kome innbyggjarane kånns tilgode og me har dela med oss, i god Arbeiderpartiånd.

Kvifor er då slik at så mange i Tokke og distrikts-Norge kjenner på avmakt?

Me har sama behov for trygghet og beredskap som alle andre.

Særleg kjenner me nå på den mislykka gjennomføringa av nærpolitireformen Me har ikkje fått styrka nærpoliti, sjølv om det var heile grunnlaget for avtala som blei inngått i stortinget.

Akuttberedskapen må au bli betre. Alle skal ha rett til rask hjelp om ein blir sjuk. For kånn som har fleire timars reiseveg til sjukehus, og det gjeld mange i detta landet, er ei styrking av ambulansetenesta avgjerande for tryggheten. Me treng ei luftambulansebase i Telemark og den må ligge i Vinje.

Gode partifeller.Det må skapast fleire arbeidsplassar ute i distrikta. Me kan ikkje leve av vakker natur og frisk luft aleine. Eit av fleire tiltak må vera at utbygginga av breiband og mobilnett blir gjeve eit skikkeleg løft. Staten må betale for dette der det ikkje er eit kommersielt grunnlag for utbygginga, slik distriktsutvalget fremhever. Og vedlikehaldet må sikres.

Detta er god Arbeiderpartipolitikk - at me er villige til å bruke pengar på nødvendige løft for distriktsamfunna kånns.

Arbeiderpartiet er nemleg eit parti for både bygd og by, det er viktig for kånn å styre dei store byane, men det æ jammen viktig å styre dei små kommunane au. Me er ikkje eit parti som representerar bare enkeltinteresser, men eit parti for sterkare felleskap der alle fær sama moglegheitar.

Utviklinga som Høgre-regjeringa har drive fram er ei retning mot eit forskjells-Norge som me må kjempe mot med nebb og klør.

Det vil derfor vere avgjerande for kånn med eit regjeringsskifte i 2021 og at den neste statsministeren heiter Jonas Gahr Støre.

Men fyrst er det lokalvalg. Sammen med listekandidatene i Tokke gledar eg meg til å gjere det me kan for å farge Telemark og Tokke raudt - til kamp mot aukande forskjeller , mot stagnasjon og for framtidsoptimisme i distrikta.

Godt lokalvalg!

Takk for oppmerksomheten.

Hilde Alice Vågslid, ordførerkandidat Tokke